Reklamasjon og garanti

Bygg 1 Produkter AS sine sals- og leveringsvilkår følgjer standarden for kjøp av byggjevarer, NS 8409. med mindre noko anna er skriftleg avtalt. Elles gjeld forbrukarkjøpslova. 

Ta vare på kvitteringa eller fakturaen som dokumentasjon på kjøpet ved ein eventuell reklamasjonssak. 
Reklamasjonsskjema finn du HER og skal meldast til forhandlar der vara er kjøpt. 

Våre produkt vert selde med 5 års reklamasjonsrett ved feil eller manglar. I tillegg har dei eksklusive ytterdørene 12 år garanti på formstabilitet på modellane Fjell og Fjord. Retten gjeld frå den dato produktet er overtatt. 

Dersom ein finn feil eller manglar før montering, skal ein ikkje montere eller ta i bruk produktet. Er produktet montert og tatt i bruk, vert dette å rekne som at produktets utføring og overflate er akseptert. Ved endring av produktets eigenskap, fell reklamasjonsretten vekk. 

Våre ytterdører har svært lang levetid om dei er rett montert, justert og våre vedlikehaldsråd er fulgt. Skal dei halde seg fine og vare lengst mogleg, må dei også beskyttast mot regn og snø med eit takoverbygg/ inngangstak. 

Mørke fargar er krevjande og ein må rekne med meir vedlikehald. Unngå mørke fargar om døra får mykje direkte sollys. Det er også lettare å få synlege skadar og skraper og ein må rekne med flikking/overmaling på byggeplass. Vi har flikkmaling på lager. 

Grensa for planavvik på dørblad er 4mm, målt på døra si langside. For karmen så er grensa 1mm pr. 1 meter skeivheit. Differansa mellom dørbladet sine diagonalar kan vere inntill 2mm. Dør og karm er konstruert for å tette slike avvik, i samsvar med NS-EN 1529 og NS-EN 1530. Det er ikkje grunnlag for reklamasjon dersom avvika er mindre enn dette. 

Reklamasjonsrett og garanti gjeld under følgande føresetnad: Produkta skal handterast, lagrast, monterast og vedlikehaldast etter våre monteringsrettleiingar og vedlikehaldsråd. 

Sjå elles våre sals- og leveringsvilkår og annan teknisk dokumentasjon på vår heimeside. Fargenyansen på bilde av dører i nettbutikken og i brosjyra kan avvike noko i forhold til det verkelege produkt. 

Skade, manko, eller delmanko ved utlevering skal noterast på fraktbrevet av både sjåfør og mottakar. Reklamasjonar skal framsetjast utan ugrunna opphald. Tap, skade eller manko som er synleg ved mottak av sendinga bør reklamerast umiddelbart når godset vert tatt imot. Skade eller manko som ikkje er synleg ved mottak av godset, skal reklamerast seinast sju (7) kalenderdagar frå leveringsdato. 

Vi gjer merksam på at det er mottakar sitt ansvar å kontrollere godset ved mottak og dokumentere skade på emballasje og gods. Legg ved bilete som tydeleg viser indre og ytre emballasje, heile varen, samt sjølve skaden. Meld frå til kundesenter på post@bygg1.no innan gjeldande fristar.

Vi tek atterhald om trykkfeil på web og i våre katalogar.

 

Finn du ikkje det du leitar etter?

Ta kontakt med oss – vi hjelper deg gjerne! Vel den måten som passar deg best:
Chat med Dørvakta, ring oss eller bruk kontaktskjemaet.

Ny i bygda, men klar til å hjelpe – døgnet rundt!
Dørvakta svarar på det meste om dører og Bygg1, og snakkar både bokmål, nynorsk – og dør flytande.

Du kan nå oss i kontortida:
Måndag til fredag, kl. 08:00–16:00
Telefon: 70 04 24 90

Vår adresse er:
Bygg 1 Produkter AS
Industrivegen 32
N-6155 Ørsta, Norway

* Påkrevde felt

7g FLLKO0 Km Q5eb Mrsa P Es F Uj MG0

Opplev kvaliteten sjølv

E L Jb32ety Ppgyd Fc Koe VMB9d V4

Utallige fargevariantar

G Fiffqmc L7 GYK2j1 Jb Jm Bd IUKGE

I harmoni med natur og heim