Transport

Bygg 1 Produkter AS sine sals- og leveringsvilkår fyljer standarden for kjøp av byggjevarer, NS 8409. Med mindre noko anna er skriftleg avtalt.

Vår transportør er Bring. Ved bruk av omfattande distribusjons- og terminalnettverk, hentar og leverer dei våre sendingar til mottakarar over heile landet.  

Sendingane vert leverte på dagtid mellom klokka 07:30 – 16:30, dersom anna ikkje er avtalt med transportør. For alle leveransar gjeld transport fram til adressa på køyrbar veg, dersom anna ikkje er spesifisert. Ved levering til leilegheit, leverast varene så nært hovudinngangsdøra som distribusjonsbilen kan køyre.  

Varene vert distribuerte med lastebil, utstyrt med hydraulisk lastelem og jekketralle. Dersom det er behov for truck eller andre maskinar ved levering, må mottakar stå for dette sjølve.  

Ved mottak skal varene kontrollerast nøye. Synlege skadar på emballasje eller varer skal noterast på fraktbrevet før mottakar kvitterer. Dersom det skulle vise seg skjult transportskade ved utpakking, skal dette rapporterast omgåande. Dersom dette ikkje er følgt opp av mottakar utan ugrunna opphald, vert ikkje skaden erstatta av Bygg 1 Produkter AS eller transportør.

Transportselskapet leverer ikkje frå seg varer utan kvittering frå kunde eller stedfortredar. Mottakar er pliktig å ta imot og kvittere for sendinga.

Skade, manko, eller delmanko ved utlevering skal noterast på fraktbrevet av både sjåfør og mottakar. Reklamasjonar skal framsetjast utan ugrunna opphald. Tap, skade eller manko som er synleg ved mottak av sendinga bør reklamerast umiddelbart når godset vert tatt imot. Skade eller manko som ikkje er synleg ved mottak av godset, skal reklamerast seinast sju (7) kalenderdagar frå leveringsdato. 

Dersom ein finn feil eller manglar før montering, skal ein ikkje montere eller ta i bruk produktet utan at dette er avklart med leverandør. Vi gjer merksam på at det er mottakar sitt ansvar å kontrollere godset ved mottak og dokumentere skade på emballasje og gods. Legg ved bilete som tydeleg viser indre og ytre emballasje, heile varen, samt sjølve skaden. Meld frå til kundesenter på post@bygg1.no innan gjeldande fristar.

Sals- og leveransevilkår:

Dørvakta

Fann du ikkje det du leita etter? Dørvakta har ei solid svardatabase, søv aldri – og elskar å hjelpe deg med å finne rett dør, dokument eller detalj. Prøv ein prat – det kostar ingenting, berre eit klikk.

Finn du ikkje det du leitar etter?

Ta kontakt med oss – vi hjelper deg gjerne! Vel den måten som passar deg best:
Chat med Dørvakta, ring oss eller bruk kontaktskjemaet.

Ny i bygda, men klar til å hjelpe – døgnet rundt!
Dørvakta svarar på det meste om dører og Bygg1, og snakkar både bokmål, nynorsk – og dør flytande.

Du kan nå oss i kontortida:
Måndag til fredag, kl. 08:00–16:00
Telefon: 70 04 24 90

Vår adresse er:
Bygg 1 Produkter AS
Industrivegen 32
N-6155 Ørsta, Norway

* Påkrevde felt

7g FLLKO0 Km Q5eb Mrsa P Es F Uj MG0

Opplev kvaliteten sjølv

E L Jb32ety Ppgyd Fc Koe VMB9d V4

Utallige fargevariantar

G Fiffqmc L7 GYK2j1 Jb Jm Bd IUKGE

I harmoni med natur og heim